Det er mørke filmar som dominerer på Surnadal kino akkurat no, men snart er det heldig vis jul og lysare tider! I filmklubben onsdag 20. november klokka 12:30 er Morgan Freeman og Brad Pitt på jakt etter ein seriemordar i I filmen Seven (eller Se7en), som den også blir nemnt som. Dei finn ikkje noko motiv med ein gong, men forstår ganske kjapt at drapsmannen blir motivert av gamle skrifter.
«Seven» er ein mørk thriller laga av David Fincher, også kjent for filmar som «Fight Club» og «Gone Girl». Før filmen blir det ein presentasjon av noko ein mistenker Fincher har vore inspirert av da han laga denne moderne klassikaren frå 1995.
Grunna krasj med anna arrangement, så blir det altså litt andre tider for filmklubbfilmen denne gongen. Så vil du ha med deg introduksjonen, så startar den klokka 12:00, medan sjølve filmen startar klokka 12:30.
«Gladiator» frå 2000 kan vel også reknast som ein klassikar og no kjem ein slags oppfølgar av denne. GLADIATOR 2 er laga av same regissør, snart 87-år-gamle Ridley Scott, og få har ei lengre skryteliste etter seg enn han («Alien», «Thelma og Louise» «Blade Runner», «Black Hawk Down» osv.). Og Ridley har ikkje tenkt å ta ut AFP, eller anna pensjon, for han har 18 nye prosjekt på gang.
Gladiator 2, som har 15 årsgrense, skal visstnok vere berre litt dårlegare enn førstefilmen, og får jamt over 4 eller 5 på terningen. NRK er av dei mest gåvmilde og meiner «filmen er god nok til å kunne underholde blodtørstige horder med voldsom dramatikk og forrykende kamper» (5 på terningen). Så da er det berre for dei hylande hordar å møte opp!
Hyling, om enn av anna slag, kan det også bli på filmen Terrifier 3, som forøvrig har 18 årsgrense, ei aldersgrense det blir understreka er absolutt! Terrifier 3 må kunne reknast som skrekkfilm.
Skrekkfilm må også «Smile 2» reknast å vere, men den har 15 årsgrense.
Heile kinoprogrammet på Surnadal kino, ser ein på surnadal-kulturhus.no/filmer/