Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Moltekrem og rakettar – sluttstrek for jubileet

Moltekrem og rakettar – sluttstrek for jubileet

Jon Olav Ørsal Laurdag 3. november 2012

Den store jubileumsfeiringa fortsett, og i førmiddagstimane laurdag var det «stinn brakke» i kaffekroken på Matkroken L. Hals. Der vart det servert moltkrem og nystekte bakels til alle kundar som var innom butikken. Laurdag er siste dag i den intense feiringa av 100-årsjubileet til L. Hals, som har på gått sia måndag. Laurdag kl 16 er feiringa slutt, og det blir markert med fyrverkei, når eit skikkeleg rakettbatteri går i lufta.

Heile veka har det vore servert gratis kaffe og blautkake til alle kundane som har vore innom, og det har vore eit populært tiltak. Kaffekroken har vore i fokus heile veka, med store oppslag både i Driva og Tidens Krav – i tillegg til vår eiga nettside – Todalen.no. I løpet av veka har det vanke mange gåver til jubilanten. Borda i kaffekroken har vore fylt med blomsterhelsingar frå både offentlege institusjonar, bedrifter, lag og organisasjonar, naboar og privatpersonar. I tillegg er det også kome helsingar i form av bilder til bildegalleriet i Kaffekroken. Det er nok eit tydeleg signal på at folk sett pris på nærbutikken og dei funksjonane den fyller i kvardagen for todalingane.

Oppdatert bildegalleri frå jubileumsfeiringa på L.Hals Eftf  laurdag.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 3. november 2012, 12:19