Måndag kveld hadde styringsgruppa i bolystprosjektet «Todalen 2022» eit evalueringsmøte etter arbeidet som starta for knappe to månadar sidan. Og dei tre karane Ragnar, Jostein og Bjørn Gunnar var godt fornøgd med utviklinga i prosjektet så langt. Styringsgruppa fekk i første omgang mandat å skaffe kapital, og saman med PT-utvalget å endre styringsform på PT-utvalget til eit grendalag.
Todalen Grendalag eit faktum
PT-utvalget er eit vald organ der ingen av dei valgte er innvald fordi dei øsnsker eller er forespurt ein plass i styret. Tidlegare praksis har vore at ei liste har vorte oppsett av dei gamle medlemmene i styret og vald samstundes som stortingsvalget, for fire år. Arbeidet dei siste åra har derfor også dessverre vore gjenspeila av dette, fortel Jostein Bruset som både sitt i styringsgruppa og PT-utvalget, og no attåt i det nye Todalen Grendalag. -Surnadal Kommune gav oss tidlegare i vår tilsagn om 30 000 kroner i oppstartsbidrag i denne prosessen. Og når vi no dei siste dagane har fått godkjent organisasjonsnummer og kan registrere oss i Frivilligheitsregisteret vil vi endeleg få skikk på dette. Vi blir no organisert som eit vanleg lag/organisasjon med ordinære vedtekter, årsmøte og ikkje minst valg av personar som brenn for Todalen, og kan være med å utvikle oss vidare på lag med nabogrendene og kommunen forøvrig.
Boligar til leie kjem
Bjørn Gunnar er leiar i boliggruppa, og kan fortelje at dei no har fått inn to konkrete boligar til leie. -Vi ventar på litt bilder og på at eit par andre formalitetar skal gå i orden før vi kan presentere dei. Men her er det plass til både små og store familiar lover han. Så om det er noko som vil komme å bu i Todalen skal det no ikkje stå på husrom, seier han. -Ellers har vi planer om å laga ei hendig oversikt over alle ledige tomter i bygda på sikt, slik at alle som veit kva som er tilgjengeleg i Todalene, og enkelt kan komme seg nedpå for å bygge.
Vegen vidare
Styringsgruppa er godt fornøgd med det dei ulike gruppene har fått til så langt, men vi kan ikkje slappe av for det, meiner Ragnar Halle. No må vi halde kvarandre varme og møtast rett etter ferien til eit nytt bygdamøte for å setje status i gruppene og kanskje komme på enda meir som gjer oss enda meir attraktive for både næringsliv og bulyst! Særleg næringslivet treng kanskje ei lita oppfølgjing etter at Aud Lindset Drågen var på besøk og inspirerte gjennom ein heil dag.
Set derfor av tirsdag 21. august til nytt bygdamøte i Todalen Ungdomshus oppfordrar dei tre, før dei tek ein liten feriepause i mobiliseringsarbeidet.