17. maifeiring uten korpsmusikk det går ikkje an – i fleire år har veteranar frå Stangvik skulekorps stilt opp og sørga for korpsmusikk til togent i Todalen. I kveld var det øving på kantina på Talgø, og her var det 6 personar som møtte. Det er i minste laget, seier Ingeborg Myrvang som er «primus motor» for 17.-korpset . Vi mangler nokre grunnstemmer for å få det til å låte bra, så vi setter vår lit til at vi klarer å lokke med oss nokre fleire til å kome med i siste liten.
Vi skal ha ei øving til, så det er berre å ta kontakt med Ingeborg Myrvang, så blir det alltids ei råd – og så blir vi glade dersom vi får med oss fleire. Korpset skal følgje folketoget som skal gå frå kyrkja og nedover til Bordholmen etter gudstenesta. Så – ta kontakt med Ingeborg på 906 28 063, så blir dette bra, trur vi!