Det er no 12 år sia kyrkja sist vart måla på ein storstila målardugnad. No er tida komen for ei ny ansiktsløfting, og planlegging av ny målardugnad er på gang. Planlegginga er i full gang, og alt i neste veke satsar vi på å starte arbeidet. Det er nedsett ein komité for å legge til rette for dugnadsarbeidet, som består av Ola Bruset og Knut Halset frå soknerådet som har fått med seg Ragnhild Ansnes Moe og Ragnar Halle i tillegg.
Plana er at kyrkja skal få ein skikkeleg utvendig vask, før ein startar målararbeidet. Det har etter kvart danna seg mykje sopp som må vaskast og skurast vekk, men kyrkjehuset er på langt nær så soppskadd som sist, og det blir nok ein atskillig enklare jobb denne gongen, seier Ragnar Halle i dugnadskomiteen.
Tysdag 6. mai startar arbeidet med vasking. Første pulje kl 11 og andre pulje kl 18. Torsdag 8. like ens, og forsett laurdag 10. mai om det trengs. Dugnadskomiteen håpar at mange stiller på dugnad, og det ville være fint om du melder deg på til Ragnar Halle (tlf 986 57 743) , eller Ragnhild A. Moe (tlf 922 02 656) dersom du vil være med og ta eit tak. Elles vil dugnadskomiteen satse på å ta kontakt for å rekruttere dugnadsfolk. Dugnadskomiteen håpar også det er nokon som har tid til å ta eit tak på dagtid.
Når det gjeld finansiering av prosjektet så vil kyrkjeleg fellesråd dekkje målingskostnadene, medan arbeidet som sagt blir gjort på dugnad. Talgø har sagt seg villig til å låne bort ein lift til arbeidet, og Surnadal kommune vil også stille med lift.
Historikk
Sist kyrkja vart vaska og måla var som sagt i 2002. Den gongen hadde dei eit budsjett på rundt 195.000 for prosjektet i sin søknad til kommunen. Men løysinga vart kronerulling og private gåver som på til saman ga 37.000. Det vart kjøpt inn 170 liter måling og kostnadane enda til slutt på 21.200 for heile prosjektet. Da vart det pengar til overs til ei lita takkemarkering som vart markert med ein grillkveld til dugnadsfolket.