Under SpareBank 1 Nordmøre sin, etter kvart, tradisjonsrike næringslivsdag i Storstuå på Surnadal kulturhus, vart Møbel-Fiske/Fagmøbler Surnadal tildelt SpareBank 1 Nordmøre sin gjeve «Utviklingspris» for 2024.
Her er juryen sin presentasjon av årets vinnar av «Utviiklingsprisen» 2024:
Om årets prisvinner er superlativene mange, som til dømes:
- Serviceinnstilt
- innovativ
- trendy
- omstillingsdyktig
- kompetanserik
Prisvinnaren har lange tradisjonar i bygda, og har eksistert i meir enn seksti år. Vinnaren har gradvis vokse fram til dagens form. Dyktige tilsette og god leiing i toppklasse har bygd opp verksemda til ein viktig aktør i sin bransje.
Årets prisvinnar har greidd å vokse også i «dyrtida», og kan vise til solid økonomi og inntening i alle år. Og med forpliktingar til kvalitet, innovasjon og kundeservice har dei vorte ein favoritt hos lokalbefolkninga og besøkande.
Dei er alltid tilgjengelege for å gje råd og rettleiing, noko kundane, både her i bygda og i nabobygdene, set stor pris på. «Vi må tilby hele spekteret, i alle prisklasser, for hele livsløpet og familien», har prisvinnaren sjølv uttalt ein gong.
Prisvinnaren er ein god ambassadør for Surnadal, har butikk på Skei og på Kyrksæterøra, og har nyleg opna ny butikk på Sunndalsøra.
Vi er stolte av å presentere Møbel-Fiske/Fagmøbler Surnadal som vinnar av «Utviklingsprisen» 2024.
Dette er den tjuefjerde gongen SpareBank 1 Nordmøre sin «Utviklingsprisen» vart delt ut.
Todalen.no gratulerer Møbel-Fiske med tildelinga av årets «Utviklingspris»!