Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Mmmmm…

Mmmmm…

Elinor Bolme Onsdag 11. august 2010

No i kveld var rundt 100 personar oppmøtt i Svinviks Arboret for å oververa framsyning av klede frå Edel Design. Eit merke som står for rå eleganse i reine naturmaterialar – nydelege, kortreiste klede skapt i Norge av designer Edel Urstad.

Denne hendinga var og eit arrangement innunder Norsk Vandrefestival, og var dertil lagt opp. Nydelege strikka kreasjonar kom vandrande i Arboretet, bore av lokale modellar. Og som om ikkje det var nok, var det heile akkompagnert av stemningsfull jazz- og folkemusikktonar frå fylkesgruppa Fjord og Fjell.

Etterpå var det høve til å nyte Arboretet i kveldssola med eller utan kaffe.

Foto: ElinorB

Publisert: 11. august 2010, 21:24