Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Mitt sløyd/handarbeidsprosjekt

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 6. april 2020

«Mitt sløyd-/handarbeidsprosjekt»
I samband med at skulebygninga ved Todalen Oppvekstsenter er 100 år i 2020 hadde FAU plana klar for ei jubileumsfest 6.juni. På grunn av Koronaviruset som no «herjar» vil dette ikkje la seg gjennomføre. Om det blir utsett eller avlyst er litt tidleg å seie, men det må vi kome attende til seinare.

Eit av innslaga i samband med jubileumsfesten var «mitt sløyd-/handarbeidsprosjekt» der vi hadde tenkt å oppfordre tidlegare elevar ved Todalen skule om å stille ut noko dei har laga i sløyd- eller handarbeidstimane på skulen, eller ta eit bilete av dette.

Sidan det no er høgst usikkert når og om det blir slik jubileumsfest ønskjer vi likevel å samle inn bilete av ting folk har laga og ei lita historie om produktet. Så vil vi lage ei utstilling av dette på skulen. Vi vil og etter kvart presentere bileta og historiene i samarbeid med todalen.no.

Spekefjøl Laga av: Van Adrian Ansnes i 6.klasse i 2018 Lærar: Marit S. Lediard I dagleg bruk

 

Blokkfløyteetui Laga av: Line Kvendset, hugsar ikkje klasse og årstal, men kanskje nokon andre frå klassen hugsar? Lærar: May Elisabeth Holten Sist bruka i 30 årsdagen til Laila K. Bergli

Hovedbildet viser eit lite trau laga av Bjørn Gunnar Ansnes i 6.klasse i 1980. Lærar var Olav P. Kvendset og dette er fortsatt i dagleg bruk.

Vi håper mange finn dette interessant og vil bidra!
Send bilete og historia til: bgansnes@online.no

Opplysningar vi ønskjer i tillegg til biletet er:
– Namn på elev?
– Klasse og årstal då du laga gjenstanden?
– Kven var lærar i faget?
– Brukar du det dagleg, eller eventuelt når vart det sist bruka?
– Eventuelt eit lita historie knytt til gjenstanden?

Frist for innsending er sett til søndag 19.april! På førehand tusen takk!FAU ved Todalen Oppvekstsenter.

Først publisert: 6. april 2020, 10:00 - Sist oppdatert: 5. april 2020, 19:52