Surnadal Normisjon inviterer til utvida misjonsfest med varesal, matsal og lotteri. Inntekta går til eit stort arbeid i Norge og på misjonsfelt i fleire land i Asia, Afrika, Europa og Sør-Amerika. Dørene blir opna for sal kl 15.00, og kl 16.00 er det fest der Elisabeth Østergård frå regionkontoret deltek med andakt og misjonsinformasjon.
Foreninga er takksam for deltaking og støtte. Alle velkomne.