Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Minst halvmeteren med tele

Jon Olav Ørsal Fredag 28. februar 2014

Det er mange som har lurt på om det er mykje tele i jorda. Det fikk vi eit konkret bevis på torsdag, da Arne Gjeldnes grov seg gjennom Ramsøyvegen ved Skogstad, for å legge ned ny stikkrenne.

Gravint_tele_8951

Minst ein halvmeter med tele i Ramsøyvegen. Foto: Jon Olav Ørsal

Minst ein halvmeter var det i vegbanen, og han måtte jobbe litt for å kome seg gjennom. Den gamle stikkrenna var lagt opp med stein, og tungtrafikken innover Ramsøydalan hadde nok vorte i drøyaste laget, slik at den har gått tett. No vart det lagt ned skikkeleg PVC-rør som nok vil tåle både tømmerbilar og store silolass.

Publisert: 28. februar 2014, 13:53