Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Minner om tur til Smøla med historielaget

Jon Olav Ørsal Måndag 10. juni 2024

Todalen historielag minner om at turen til Smøla nærmar seg, og det no er tid for påmelding.  Det er enno nokre ledige plassar, og dette er ein ypparleg sjanse for guida sommartur til Smøla. Det skjer torsdag 4. juli, og det blir ein heildags busstur. – Det er mykje å sjå på Smøla, så det blir fleire stopp, og det blir med profesjonell guide frå Nordmørsmusea som er ansvarleg for omvisinga.  Turen blir arrangert i samarbeid med Stangvik historielag – les meir om detaljar, pris og påmelding nedafor…

Vegkart over Smøla – foto Jon Olav Ørsal

BUSSTUR TIL SMØLA
Stangvik Historielag og Todalen historielag arrangerer felles busstur til Smøla torsdag 4. juli.

  • Start frå Matkroken i Todalen kl. 07:30.
  • Hauahyllå kl. 07:45.
  • Øye skule kl. 08:00.
  • Vidare med ferje Hendset – Aresvik og Sandvik – Edøy.
  • På Smøla besøkjer vi Rosvoll Prestegard, og Norsk Myrmuseum.
  • Kaffe og bakels blir servert på prestegarden.
  • Vidare går turen til fiskeværet Veiholmen og Sanden bygdemuseum.

Rosvoll prestegard, Norsk Myrmuseum og Sanden bygdemuseum høyrer alle inn under Nordmørsmusea, som sørgjer for omvising.

  • Middag (saltfiskball, dessert og kaffe) på Havkroa.
  • Heimreise, yttersida av Smøla og same ferjene som på turen utover.
  • Bussjåfør blir Øystein Moe.

Pris og påmelding
Medlemspris for heile turen kr 850 per person, ikkje medlem kr 1000.
Påmelding innan 15.06. til Einar Grønnes 918 94 944 eller John Moe 920 48 856.

Her kan du laste ned plakaten med tanke på utskrift!

«Storgata med Coop’en og kaffebar i sentrum av Veiholmen. Foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 10. juni 2024, 09:47