Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Minner om søknadsfristen for tilskotsordningar og litt til for lag og organisasjonar

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 17. april 2023

Kulturavdelinga i Surnadal kommune orienterer om dei forskjellege tilskotsordningar dei har til kultur og idrett det komande året, som har søknadsfrist søndag 30. april. .

Tilskot til kultur, idrett, leikeplassar og 17-mai:

Lag og forsamlingshus som skal søke om kulturmidlar for 2023 brukar søknadsskjemaet kulturmidlar for 2023. Søknadsfristen er 30. april.

Søknad om tilskot til leikeplassar 2023. Søknadsfrist er 30. april. 

Surnadal kommune gjev 3.000 kroner i tilskot til hovudarrangementet i samband med 17. mai-feiringa i krinsane Todalen, Stangvik, Mo, Bæverfjord og Bøfjorden. Søknad på dette tilskotet skal sendast til post@surnadal.kommune.no eller i posten til Surnadal kommune, Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal innan 30. april. 

Fast leige av gymsalar, hall og svømmehallen 2023/24:

For fast, regelmessig leige av gymsalar, hall og svømmehallen skuleåret 2023/24 brukar ein skjemaet leige av gymsalar, hall og svømmehallen. Søknadsfristen er også her 30. april.  

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 17. april 2023, 13:18