Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Påminning om påskehandel og opningstider…

Jon Olav Ørsal Måndag 3. april 2023

Vi minner om aktuell opningstid for Matkroken Todalen – måndag, tysdag og onsdag før påske er det normal opningstid med open butikk 09-18 for påskehandel.  Handelsmann Nordvik rapporterer om god påskehandel så langt i «palmehelga» og håper dette fortsetter. 

Det er da vel naturleg at både fastbuande og tilreisande nyttar nærbutikken til påskehandelen.  Her har vi lagt ut plakaten med opningstider både for butikkope og kioskope.  Når det gjeld HalsOil drivstoff så er det ope 24/7 i heile påska for fylling av bensin, diesel og grønn anleggsdiesel, og betaling med kort.

 

Publisert: 3. april 2023, 10:32