Onsdag 5. oktober klokka 19:00 kallar styret i Todalen Idrettslag, som tidlegare annonsert, inn sine medlemmer til medlemsmøte i Todalen ungdomshus. Her ønsker idrettslaget å få medlemmene sine meiningar om kva idrettslaget skal drive med i framtida, og ikkje minst kva medlemmene sjølv kan bidra med for å vere med på den aktive drifta av idrettslaget.
Idrettslaget inviterer ALLE sine medlemmer til møtet, for på den måten å få eit så breitt grunnlag som mogleg, for den framtidige aktiviteten i idrettslaget og drifta av denne.
Saker som vil bli diskutert er på møtet er:
- Kva for aktivitetar skal idrettslaget prioritere å drive med i framtida, og kven kan og har lyst bidra til dette?
- Skal idrettslaget arrangere både julebord og revyfest i romjula, eller berre eitt av desse?
- Gjere om klatrerommet i redskapshuset til aktivitetsrom?
- Nærmiljøanlegg på Bordholmen stadion, er det behov for dette?
- Orientering om avtalen mellom Surnadal kommune og Todalen idrettslag om bruk av gymsalen ved Todalen oppvekstsenter.
Har du meiningar om dette eller andre ting knytta til aktiviteten og drifta av idrettslaget, er det viktig for idrettslaget at du kjem på medlemsmøtet og seier di meining!
Det blir enkel servering!
Møt opp og bli med Todalen Idrettslag inn i framtida!