Faktura for medlemskontingenten for 2025 i Todalen Idrettslag vart sendt ut i februar med forfall i starten av mars. Det er framleis mange fakturaer som ikkje er betalt, og idrettslaget har akkurat no sendt ut purringar på kontingenten for 2025. Medlemskontingenten er ei viktig inntektskjelde for Todalen Idrettslag, både direkte og indirekte, fordi medlemstalet er grunnlaget for utrekningar ved tildelingar av ulike offentlege tilskot,
Medlemmer i Todalen Idrettslag kan fritt nytte alle idrettslaget sine anlegg, inkludert Hett & Svett. Ubetalt kontingent vil frå 1. mai medføre at tilgangen, for den med ubetalt medlemskontingent for 2025 blir stengt, inntil kontingenten er betalt.
Medlemskontingenten vart sendt ut på e-post, så idrettslaget oppfordrar, dei som ikkje har fått fakturaen til å sjekke søppelposten sin, da det kan hende at den har hamna der. Er ein usikker på om ein har betalt eller ikkje, så er det berre å ta kontakt.
Idrettslaget ber også om at dei som har fått faktura, men ikkje ønsker å vere medlem lenger gjev beskjed om dette snarast og skriftleg på e-post til elinor.bolme@gmail.com eller endre.talgo@outlook.com, slik at ein kan foreta ei utmelding. Om ein ønsker å melde seg inn som medlem i idrettslaget, så tek ein også da kontakt via dei same e-postadressene.
Idrettslaget håper sjølvsagt at så mange som mogleg vil vere medlemmer, og oppfordrar til å betale medlemskontingenten for 2025!