I kveld var det full fres på Banksletta på Kvanne, nær sagt som vanleg, der 6 J10 lag var samla for ei miniturnering. Søya/Todalen, Kvass/Ulvungen, Sunndal og Grøa stilte med kvar sitt lag, medan Surnadal stilte med to. Alle lag spela 5 kampar i strekk på 3 ulike banar både på kunstgras- og grasbanen i fin kveldssol og god «før-torever-varme».
Jentene på Søya/Todalen var superfornøgd med kvelden; dei vann til slutt 3 kampar, spela ein uavgjort og tapte ein.
Under er eit lite bildegalleri frå ein kjapp runde rundt banane. Sjekk også IL Søya si eiga heimeside for enda flere bilder.