Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Minikurs – Unngå å bli teken av skred…

Jon Olav Ørsal Onsdag 23. desember 2015

Tysdag kveld var ein gjeng samla til eit mini-skredkurs på Falløya.  Det var Jan Vidar Øyen som auste av sine kunnskaper om skred og skredfare til nokre av sine venner. Det viktigaste du gjer nå du skal ut på tur i vinterfjellet er å planlegge turen. Det kan du gjera frå sofaen, med kart og info frå varsom.no, samt at du har formålstjenleg utstyr til å hjelpe deg sjølv og andre om uhellet er ute.

InfoKanal_5447

På www.varsam.no finn du mykje informasjon om skredfare og snøtilhøve.

Denne kvelden var det gjennomgang starta dei med planlegging av turar og studerte kartet for å vurdere kvar det er trygt å gå basert på teori om skredfare og med info frå nettstaden varsom.no til hjelp. Erfaringsvis kan de være skredfare i skråninger på 30 grader og oppover, fortalte Jan Vidar.  Ei av øvingsoppgåvene denne kvelden var å finne trygg vei til toppen av Tverråbotnfjellet – og det vart nitidige studier av kartet over Trollheimen. Jan Vidar hadde mange tips å bidra med og han fortalte at det ofte dagen etter store snøfall i kombinasjon med vind at det er spesielt farleg å ferdast i fjellet. Ein må da vurdere snømengde, vindretning og lagdeling av snøen – for da er det lett å løyse ut store flakras som har stor fart og sterke krefter.

Utstyr_5448

Utstyr som er kjekt å ha med dersom uhellet er ute – Skredsøkar, spade og søkestenger. Foto: Jon Olav Ørsal

Seinare på kvelden skulle det bli gjennomgang av hjelpeutstyr som det er viktig å ha med seg, slik som søkestang og spade, samt bruken av elektronisk skredsøkar.  På nyåret skal dei ut i terreenget og prøve utstyret og teste litt av lærdommen. Jan Vidar er spesialist på området har solid lærdom på dette området etter 2 år på friluftslinja på Volda og 1 år i Canada på fjellsportlinja, der han skreiv bachelor om skred da han gikk ut i vår. I sommar og haust har jobba som guide i Sogndal og skaffa seg solid praksis.

Publisert: 23. desember 2015, 06:03