Søndag kveld var det mini sjakkturnering på Matkroken, der Todalen sjakklubb meir eller mindre uhøgtidleg treftest til sjakk og tidtrøyte. Turneringa foregikk etter utslagsmetoden, og var langt i frå avgjort da vi stakk innom ein snartur.
Det første partiet var stort sett ferdig da vi var der og dermed var det fleire som alt var ferdige og kunne enten være heiagjeng til neste parti eller ta eit parti til. Vi veit ikkje heilt korleis dette gikk men det kjem vel for ein dag etter kvart. Nokre bilder frå seansen har vi iallfall.