Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Mindre vassføring, men framleis god fiskarelv

Jon Olav Ørsal Fredag 11. juli 2025

Fint vêr og redusert slipp frå Tovatna har redusert vassføringa i Toåa, men det er framleis fin bra tilhøve og god fiskarelv.  Måndag stengte Trønderenergi lukene på Tovatna, og det vil nok prege vassføringa så lenge vårløysinga er ferdig og det ikkje kjem tilføring i form av regn.  Midtsesongevalueringa av sesongen er unnagjort, og det er klart at laksefisket fortsett ut sesongen, seier leiar i Todalen elveeigarlag Stig Husby.

Det er til no teke 17 laks i Toåa – derav 4 storlaks over 7 kg og 8 mellomlaks på 3 til 7 kg.  Heile 95% av fangsten er sleppt ut igjen, så fisket har ikkje vore noko belastning for laksebestanden i Toåa. Fangsten av sjøaure er imidlertid Husby bekymra for – det er berre teke 5 sjøaure frå starten av fisket og fram til no, men det kan fort endre seg.  Tradisjonelt er da fisket av sjøaure best på tampen av sesongen, seier Husby. Positivt er det da at det er mange som ser laks i elva, så vi vil nok oppnå resultat med litt større vassføring, trur Husby.

Elles fortel Husby at utviklinga av fisket i Toåa følges nøye.  I slutten av månaden skal det iverksettes dykking og teljing for å kartlegge og følgje utviklinga i lakse- og sjøaurebestanden.  

Elles minner Husby om at den nye campingplassen på skuleområdet er open, og fungerer godt – greit opplegg er tilbakemeldinga frå brukarane så langt.  Eit lite problem med dusjen er ordna av kommunen seier Husby.  Meir info om laksefisket i Toåa og Todalen elveeigarlag finn du på Elveguiden.no

Publisert: 11. juli 2025, 07:57