Sanitetsforeininga starta opp med Kløvertur i februar 2017, og sidan har dette vore fast aktivitet for mange trimmarar kvar måndag føremiddag. Det er ei kvardagsglede å gå tur i lag, få frisk luft og mosjon. Etter 5 turar vinteren 2020 vart det altså stopp på grunn av koronaviruset som herjar over heile verda.
Mange saknar Kløverturane. Og sidan det er måndag og kløverturdag, passar det å mimra med nokre bilete frå dei første turane i 2017. Håpar det kan inspirere til å ta ein tur ut! GOD TUR!
Bilete frå første Kløverturen 13.02.2017 i Kvennsetlia og opp til Løfta:

Oppå Løfta. Frå venstre: Gudmund, Wenche, Eli, Jorunn, Åse, Synnøve, Berit, Dordi, Marit, Ingunn, Kari. Foto: Dordi J H

Rundt bordet i Kaffekroken på Hals. Det var bakelsdag og Karen Johanne var bakelsteikar. Mange gler seg til at Kaffekroken kan opne igjen! Foto: Dordi J H
Heldigvis er det anbefalt å gå ut på tur berre ein held avstand frå andre, og her i Todalen er vi heldige, vi kan bruke nærmiljøet. Det er så utruleg mange fine turområde; både nede i bygda etter vegane eller langs elva, etter skogsvegar eller skogsstigar i liene på båe sider av dalen. Det er god plass til alle, ein treng ikkje å gå i kø!
Bilete frå Svinvikrunden:
Svinvikrunden er eit fint og populært turmål, men Friluftsrådet oppfordrar folk til ikkje å skrive seg inn i turbøkene no. Dette for ikkje å medverke til å spreie smitte av koronaviruset.
Fleire turbilete:
Frå tur oppå Tjønnmyrå:
Frå tur uti Haltbakkan og rast i gapahuken:
20. februar var ein retteleg styggversdag, lite freistande å ta ut på tur! Men tur vart det lell, om ikkje så mange var med.
Til slutt eit bilete frå Kvennsetlia med utsikt utover Todalsfjorden: