I kveld hadde elevane i 10. trinn ved Surnadal ungdomsskule sin premiere på sitt storprosjekt «Milleniumsbarna». Dette er ei tradisjonell oppsetning av og med avgangsklassen ved ungdomsskulen. Eit prosjekt der ungdommane allerede på etterjulsvinteren startar med forberedelser til desse tre hektiske kveldane med forestillingar.
Kveldens premiereforestilling var utsolgt, og her var det mange stolte mødre, fedre, besteforeldre og andre frammøtte som fekk oppfylt sine forventningar til fulle. Gjengen stilte med eige husorkester og sto for all koreografi sjølv. Og med tanke pa at ungdommane er berre er 14 og 15 år, så var dette rett og slett imponerande. Noko også ordførar Lilly Gunn Nyheim rosa dei for, når ho ovverrekte elevrådsformann Signe Larsen blomster og 1000 kroner til sosiale tiltak. Også rektor Norvald Bondhus takka for glitrande framføringar og ikkje minst eit vellykka heilheitleg prosjekt. For det er mange som må bidra også bak scena for å få til ei slik oppsetning. Og med over 90 aktørar i sving klarte dei det med glans!
Under er eit lite bildegalleri frå ei topp forestilling. Desverre er bilda teke kun med telefon denne gongen, så om du verkeleg vil sjå dette i betre format bør du gå til innkjøp av billett til i morgon eller torsdag!