Mildvêret dei siste dagane har gjort at vegen er på det nerast bar utover stranda. Men det er ein god del is i vegkanten, og det lønner seg å være litt forsiktig når du kjem rundt svingen. Det kan plutseleg ligge is i vegbanen. Langtidsvarselet på Yr.no lovar mildvêr og regn fram til neste helg, da det blir kaldare og går over i snø. Rundt bygda er det ein god del is i vegbanen, og dermed noko sporete. Kjør forsikig, for det oppstår lett farlege situasjonar. Kanskje Kolo Veidekke kan ta en tur med vegskråpa og ordne på dette?
