Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Mildvêr og stabil vêrtype i vente

Jon Olav Ørsal Fredag 22. november 2019

Etter ein lang og kald periode er det no duka for litt mildare vêr dei komande dagane. Vi kan faktisk vente oss nokre få varmegrader og søraust vindretning fram til torsdag i neste veke. Da blir det igjen litt kaldare, med nokre få kuldegrader i starten – men altså stabil sør-aust vindretning uten nedbør heilt fram til neste helg.

Ein trimtur etter Tursti Toåa i dag viste at det er fint føre både nedover langs nyvegen til Båthølen og vidare nedover til gapahuken i Gunnøya – vidare til Halsabrua.  Rundt 10 cm snø som er opptrappa til fin sti på heile strekninga, og det er ny registreringsbok i gapahuken.  Altså ligg alt til rette for ein fin trimtur til Gunnøya. Tips:  Ta gjerne med svartkjel og kok kaffe på bålet – eller kanskje lettvintløysinga med ein kaffedråpe på termosen? I dag var det litt rar temperatur – i Gunnøya var det 3-4 kuldegrader, samtidig som det var 7-8 varmegrader og fønvind på Kårvatn.  

Ved Båthølen, der Haukåa renn ut i Toåa. Her planlegges det no ein flott fiskeplass for funksjonshemma i prosjektet Tursti Toåa. Foto: Jon Olav Ørsal

Flott vinterstemning i Gunnøya, ved gapahuken til Todalen Elveeigarlag.  Foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 22. november 2019, 12:34