Den gamle kranhallen på Talgø MøreTre på Syltøran i Surnadal kjem til heider og verdighet igjen, og blir no eit topp moderne høvleri. Den gamle kranhallen er på ca 1500 m2, og passer akkurat for å installere maskiner og utstyr som skal brukes til å produsere mellom anna terrassebord i det nye høvleriet.
Hjarta i det nye høvleriet er sjølvsagt den nye høvelen, men det er også mykje anna utstyr som skal til for å få til eit moderne og effektivt høvleri med stor kapasitet, seier produksjonssjef Paul Lilleløkken. – Enkelt sagt så setter du inn heile pakkar med trelast som så går inn på ein ca 180 meter lang bane som går rundt i fabrikklokalet – først til avstrøing og så vidare til kapping og høvling før det etterpå lagges opp i pakkar som er klare til royalimpregnering når dei kjem ut att frå høvleriet.
Det nye høvleriet er ei invistering på ca 15,0 rundt mill. kroner og vil auke kapasiteten med rundt 30.000 m3 med ei bemanning på 2 personar på 2 skift i første omgang – dette kjem i tillegg til rund 75.000 m3 som er kapasiteten på det gamle anlegget. Den nye og moderne høvelen er sjølvsagt datastyrt og programmerbar, slik at dein sparer tid ved omstilling mellom forskjellige dimensjonar.
Som sagt så er ein no i gang med installasjon av utstyret og samtidig pågår det opplæring av mannskapet som skal betjene det nye høvleanlegget. Snart kjem produksjonen i gang og Paul og gjengen på høvleriet gler seg til å kjøre igang det nye anlegget som blir eit kjærkome tillegg no når det er høgsesong på terrassebord.