Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

«Midtsommar i Surnadal» også i 2025

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 28. oktober 2024

Måndag føremiddag inviterte arrangørane av «Midtsommar i Surnadal» pressa til pressekonferanse for å fortelje om evalueringa av årets midtsommarfest, og planane dei har for 2025.

Spenninga knytt til om det blir «Midtsommar i Surnadal» eller ikkje i 2025, vart utløyst allereie på laurdag, da Driva mellom anna ved å vise til samtale med sin eigen redaksjonssekretær, som er med i SKUV og arrangementskomiteen, kunne fortelje at det blir «Midtsommar i Surnadal» frå torsdag 19. juni til og med søndag 29. juni 2025!

Mette S. Ormset og Bergsvein Brøske kunne under pressekonferansen fortelje at dei har teke lærdom av årets arrangement, og difor har valt å organisere arrangementet litt annleis for 2025.

Det vil for årets arrangement vere ein Hovudkomité, som skal ha det overordna ansvaret for arrangementet, medan det skal vere tre underkomitear, som skal ha hovudansvaret for innhaldet og dei forskjellege arrangementa under midtsommarfesta. Dei tre underkomiteane rettar seg mot lag- og organisasjonar, marknadsføring og handel- og service.

Hovudkomiteen tek sikte på å ha fylt opp alle underkomiteane i løpet av første halvdel av november.

I evalueringsrapporten for årets arrangement, som også vart presentert under pressekonferansen måndag, viste at 100 prosent av svara som kom inn var heilt klare på at Surnadal treng eit slikt arrangement som «Midtsommar i Surnadal».

Nokre av svara på evalueringsskjemaet peikte på at det var ønske om ein meir effektiv organisering av koordineringsarbeidet, noko arrangørane har teke omsyn til, gjennom å opprette underkomitear i tillegg til hovudkomiteen for 2025.

Hovudkomiteen er tenkt samansett av mellom anna sponsorar og bidragsytarar til midtsommarfesta. – Dette blir en stor gruppe som skal møtes tre ganger før neste års arrangement seier Mette S. Ormset.

Det største arrangementet under årets midtsommarfest var konsertane framfor Surnadal kulturhus på Skei fredag og laurdag i regi av Surnadal konseptutvikling (SKUV). Konsertane vart ein suksess, og totalt vart det selt 1350 billettar dei to kveldane.

Programmet for «Midtsommar i Surnadal» 2025 håper hovudkomiteen å kunne presentere rett før jul, eller tidleg på nyåret.

Publisert: 28. oktober 2024, 17:00