Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Midtsesongevaluering for Toåa – begrensningar i laksefisket

Jon Olav Ørsal Laurdag 11. juli 2020

Før fiskesesongen starta har direktoratet bebuda midtsesongevaluering, slik som det har vore dei siste åra. Leiar i Todalen elveeigarlag fortel at styret har utført pålagt midtsesongevaluering.  – Det har vore bra fiske i årets sesong, mange fiskarar og stor vassføring i elva.  Styret føler at det no er behov for å innføre begrensning i fisket etter stor laks – spesielt holaks. 

Derfor tek no styret i Todalen elveeigarlag grep for å begrense uttaket i andre halvdel av sesongen. Endringa som blir gjort etter midtsesongevalueringa 15. juli får som konsekvens at all holaks blir freda og skal difor gjenutsettes.  I tillegg skal all laks over 75 cm gjenutsettes. Forutsetning for at laksen skal gjenutsettes er at den er uskadd og at den ikkje blør. 

Tre glade lakser – Per Ørsal og Rune Holtberget poserer saman med laksen «Ethelbert» til ære for fotografen. Arkivfoto: Jon Olav Ørsal

Midtvegs i sesongen er resultatet av årets laksefiske i Toåa veldig bra – pr 11. juli er det tilsaman teke 71 laks på totalt 320,9 kg.  Pr dato er altså gjennomsnittsvekta på 4,5 kg.  Av den totale fangsten er det 22,5%  – eller 16 laksar som er sett ut på nytt – og som dermed har fått ein «ny sjanse» i livet. Til saman er det totalt 11 laksar som er over 7 kg – såkalla storlaks, så langt i sesongen. 

 

Publisert: 11. juli 2020, 11:58