Vi les i Driva at Midtnorsk Olje er komne på nye hender, og er fusjonert med NK Energi AS no i haust. Midtnorsk Olje er leverandør av drivstoff til Hals Oil, og vi finn det difor naturleg å ta ein prat med Rune Mogstad som har vore dagleg leiar og gründer i Midtnorsk Olje sia starten i 1992.
Vi tek ein prat med Rune Mogstad og spør om vi kan føle oss trygge på at vi får leveransar av drivstoff til stasjonen på Kvennset. – Rune fortel at leveransane til HalsOil er sikrare enn nokon gong etter fusjonen, og den vil gi fordeler til alle partar – både for kundane, sjåførane i Midtnorsk Olje og ikkje minst eigarane som er Rune Mogstad og kona Merete.
Vi fortsett alle saman i det nye selskapet som vil få nytt namn etter kvart, men foreløpig kallar vi oss for Esso Energi i det daglege. Rune skal fortsette med salsarbeid medan Merete og sjåførane fortsett i sine eigne jobbar. Vi skal fortsette å vekse, og søkjer vi i disse dagar etter meir folk – vi treng mellom anna fleire til ordrekontoret. Vi har trua på dette, seier Rune. Hadde vi ikkje hatt det, så hadde vi ikkje gjort det. Vi har halde på eit par år med forskjellige alternativ for fusjon og sal, og har funne ei god løysing for alle partar.
Rune fortel vidare at han har jobba med Midtnorsk Olje sia 1992, og før fusjonen hadde selskapet ei årsomsetning på rundt 1,0 milliard kroner. Frå den spede start med ein gammal tankbil er det no i overkant av tretti tankbilar og drift av 50 drivstoffanlegg. Rune skryter av dei tilsette som har vore med og fått til dette og han minnes også at faren og mora var verdifulle bidragsytarar i starten og utover nittiåra.