Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Midt-Norsk meister og NM debutant

Bjørn Gunnar Ansnes Sundag 24. august 2025

Ola Vikan (13 år) frå Nordvik, vart tidlegare i sommar Midt-Norsk meister i motocross klasse MX 85 13 – 15 år. På laurdag NM-debuterte han med ein imponerande sjuande plass under NM på Lunner Motorsportsenter. 

Ola Klar for eit nytt løp. Foto: Privat

Under NM på laurdag, vart det i tillegg til treningsrunde, køyrt kvalifiseringsheat og to finaleheat. Etter kvalifiseringsheatet fekk Ola niande beste startposisjon. I første finaleheat køyrden han seg opp til 7. plass, ei plassering han i siste finaleheat forsvarte og køyrde inn til 7. plass i finaleheatet. Det var 34 deltakarar i klassen. 

 

Både Ola sjølv og far Petter Vikan var strålande nøgd med resultatet etter NM-debyen på Lunner laurdag. 

Ola Vikan på motorsykkelen sin. Foto: Privat

I starten av august gjekk det siste av tre løp i Midt-Norsk meisterskap. Her vart Ola suveren vinnar etter å ha vunne seks av seks teljande heat. I Midt-Norsk er det tre løp av tre heat, der dei tre dårlegaste heata blir tatt bort. Da dette var gjort hadde Ola altså berre seirar att, og vart suveren Midt-Norsk meister i klassen MS 85 13 – 15 år. 

– Å bli Midt-Norsk meister er sjølvsagt ein motivasjonsfaktor for å halde fram satsinga, seier far og son Vikan.

Årets sesong er snart over, men om to veker skal Ola delta på NM for lag i Skaun, før sesogen blir avslutta med siste runde i Østlandsmesterskapet på Jevnaker om tre veker. 

Vi gratulerer Ola med fin innsats i NM og som Midt-Norsk meister!

 

 

Publisert: 24. august 2025, 10:16