For ein månads tid sia – nærare bestemt 8. juli vart Midnattsoltrappa i Lavangen opna for publikum. Etter tre år med planlegging og jobbing var troppa klar til bruk først i juli iår. Troppa er bygd av tre, er ein meter brei og har rekkverk. Det gjer at troppa er lett og trygg å gå i, og gir eit begrensa naturinngrep. Talgø Møretre har vore leverandør av materialer til troppa, som sjølvsagt er bygd av MøreRoyal-behandla materialer.
Det er lokale foreningar, reiselivsbedrifter og Lavangen kommune som starta jobben med å skape ein nasjonal attraksjon i kommunen. Ut fra prosjektet vaks ideen om å bygge både ei trapp og Via Ferrata fram. Besøkstala for Midnattsoltroppa er langt over forv3entningane – i løpet av den første månaden troppa var opa, var det over 5000 besøkande i troppa. Sjølvsagt har den nyheitens verdi, men det har vorte ein ubetinga suksess, seier Tor Lyngmo ved Fjellkysten Gjestehus i Lavangen.

heile troppa er bygd i MøreRoyal materialer frå Talgø Møretre, fortel salgsingeniør Nils Ove Bruset, som er imponert over besøkstala som troppa kan vise til på den forste månaden. Foto Jon Olav Ørsal
Heile prosjektet er kostnadrekna til rundt 5 mill. kroner – som sagt er heile troppa bygd av tre og er ein samanhengande kombinasjon av tropper med tilsaman 2117 troppetrinn i tillegg til gangbaner og troppa er bygda av firmaet TreSteg og Gunnar Almlid har vore prosjektleiar. Du kan også lese om attraksjonen i Lavangen som Midnattsoltroppa har vorte på Facebooksida troppa.

Midnattsoltrappa snor seg oppover lia – legg merke til at troppa ligg over vegetasjonen. Foto Midnattsoltrappa