Surnadal museum informerer om at det i perioden 13.august 2012 -15.februar 2013 blir nokre personellendringar ved Nordmøre museum si avdeling i Surnadal. Avdelingsleiar Dordi Kjersti Mogstad har permisjon frå stillinga som avdelingsleiar grunna eit halvårig engasjement ved Direktoratet for naturforvaltning. Museumskonsulent Maja Frønes vikarierer i same periode full tid som avdelingsleiar.
I ressursen knytt til museumskonsulentstillinga i denne avgrensa perioden, har Surnadal kommune tilsatt Gunhild Bøklep Bøe. Ho byrjar 24.september, og vil ut perioden arbeide 50% med museumsoppgåver, hovudsakeleg ved Åsen bygdemuseum.
Ønskjer du kontakt med Surnadal museum, ta kontakt med Maja Frønes på tlf. 913 99 452.