Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Fullt hus, god mat og utdeling av lykkeskilling – stor stas å møtast i Sanitetshuset

Dordi Jorunn Halle Torsdag 8. november 2018

Fullt hus, kjøle god mat og blide ungar – det var riktig triveleg og god stemning under dagens middag i Sanitetshuset. Det var omsorgsberedskapsgruppa i Todalen sanitetsforening som inviterte bygdefolket til søndagsmiddag på ein torsdag.

Leiar i omsorgsberedskapsgruppa ønskte alle velkomne til bords. Foto: Dordi J H

Jorunn Ørsal ønskte velkomen til bords. Ho sa at omsorgsberedskapsgruppa skal tre til når det skjer noko, slik som da det store raset gjekk ute i Stranda i 2013. Heldigvis er det ikkje så ofte omsorgsberedskapsgruppa treng å rykke ut, så derfor synest dei det er kjekt stille opp på anna vis som ved å servere god mat til sambygdingane. Dette vart det tydelegvis sett stor pris på, med middgasgjester, ungar og kokkar var 50 personar samla rundt borda i dag! Sanitetsforeninga er flink til å lage møteplassar for folk i lokalsamfunnet som strikkekaffe, basar, folkehelsemøte, medlemsmøte og kløverturar. Ekstra kjekt med middagsarrangementet var at det samla om trent like mange karar som kvinnfolk – kjempebra!

På menyen stod svinesteik og kjøttkaker med godt tilbehør; karamellpudding, krumkaker og wienerbrød til kaffien. Alt smaka fortreffeleg, berre godlåt å høyre rundt borda.

Jon Husby stilte med heilt nyskrive dikt. Der mintest han «gamle dagar» da han og kompisane drog rundt med trekkspel og andre instrument og spela til dans og sjarmerte unge damer! No er han med i «The invalidos», og damene er blitt eldre og alt går litt rolegare føre seg. Foto: Dordi J H

Fem av damene som var gjester ved middagen, hadde i si tid vore kokkar for Eldremiddagen som vart arrangert frå ca. 1990 og fram til 2015. Initiativet kom den gongen frå Jon Lunde, og middagane var riktig populære da som no.

UTDELING AV LYKKESKILLING

Leiar i Sanitetsforeninga, Maren Ansnes, hadde gleda av å dele ut lykkeskilling til to små todalingar: Tormund Olai og Mille. Dette er ein gammel og god tradisjon, og er ein velkomst til nye verdsborgarar i bygda. Tormund Olai var så heldig å ha med seg tre eldre søsken, og storesøster fekk æra av å ta imot lykkeskillingen i lag med Tormund Olai. Vi ønsker dei to små alt godt i åra som kjem!

Tormund Olai i lag med storesøster Ylva Synnøve og Maren. Foto: Dordi J H

Vesle Mille kom i lag med farmor Gunn Tove og var godt fornøgd med å få versebok og lykkeskilling. Foto: Dordi J H

Så tusen takk til kokkelaget som hadde lagt ned så stort arbeid for å stelle i stand så god mat og få til ei slik triveleg stund i Sanitetshuset!

Kokkelaget: Frå venstre: May-Elisabeth, Åse Johanne, Karen Johanne, Arndis, Jorunn, Kari og Maren. Foto: Dordi J H

Fullt hus! Det er nok mange som håpar på fleire slike middagsdagar. Foto: Dordi J H

 

 

Publisert: 8. november 2018, 22:40