Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Michal Kalseth Heimlund ny leiar i Todalen Idrettslag

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 30. april 2021

I går kveld hadde Todalen Idrettslag eit smitteverntilpassa  årsmøte. Det var 16 medlemmer som hadde møtt opp for å vere med på årsmøtet. Årsmøtet valde Michal Kalseth Heimlund som ny leiar etter Nils Ove Bruset, som ikkje tok attval, etter å ha vore leiar i 3 år. Aktiviteten i idrettslaget vart, som så mykje anna i samfunnet, råka av koronpandemien i 2020, men har trass i dette greidd å halde eit ganske bra aktivitetsnivå, spesielt for barn og unge. 

Årsmeldingar

Årsmeldingane frå hovudstyret og gruppene vart lest opp i tur og orden. Koronapandemien har ført til mange utfordringar, men aktivitetane for barn og unge har stort sett gått sin gang med nokre tilpasningar og restriksjonar. Det er på arrangementsida idrettslaget har merka pandemien mest. Omtrent alle arrangement har vorte avlyst, men Todalsdagen vart arrangert i ei kraftig redusert utgåve, eit arrangement som er viktig økonomisk for idrettslaget. Det vart og arrangert grillfest i starten av august. Økonomi- og markedsgruppa fekk gjennomført eit lotteri i august som gav kjærkomne inntekter. Utover dette vart alle andre arrangement avlyst. Idrettslaget har fått kompensert ein god del av inntektstapet gjennom forskjellege kompensasjonsordningar. Fleire av anlegga har vore delvis stengt i periodar, samtidig som det har vore mykje ekstra reinhald for å oppfylle krava til smittevernreglane. Toåa tursti vart offisielt opna 14.juni, og har vore eit populært og mykje bruka lågterskeltilbod for trim og andre aktivitetar. Turstien har blitt ein stor suksess som mange har stor glede av. Elles er det gjort noko vedlikehaldsarbeid på Bordholmen og på skihytta. Det var i 2020 241 betalande medlemmer i Todalen Idrettslag. 

Årsmøtet 2021 med koronatilpasningar. Foto: B G Ansnes

Rekneskap

Rekneskapen syner totale inntekter på nær 700.000 kroner. Årsresultatet viser eit underskot på 270.000 kroner, noko som var omtrent som budsjettert. Underskottet skuldast i all hovudsak byggekostnadane knytta til Toåa tursti, men her vil det til neste år kome inn att tippemidlar og momskompensasjon på rundt 700.000 kroner. Ved årsskiftet hadde idrettslaget nær 800.000 kroner i frie midlar i form av bankinnskott, så ein kan vel trygt seie at laget har ein sunn god økonomi. 

Årsmøtet 2021 med koronatilpasningar. Foto: B G Ansnes

Orienteringar

Årsmøtet fekk ei orientering om nærmiljøanlegget som er planlagt på Bordholmen. Dette er eit prosjekt som vart vedteke på årsmøtet i fjor. Det er no søkt om tippemidlar for prosjektet, ein søknad ein håper å få godkjent i løpet av juni/juli i år. Prosjektet er kostnadsrekna til rundt 600.000 kroner. 

Innkomne forslag

Styret la fram forslag til innkjøps- og salsreglement. Dette reglementet gjev køyrereglar ved innkjøp og eventuelle sal av idrettslaget sine eigendelar. Styret sitt forslag, vart med nokre små justeringar, samrøystes.

Nestleiar i styret, Astrid L. Kvendset takka avtroppande leiar, Nils Ove Bruset for innsatsen. Foto: B G Ansnes

Val

Nils Ove Bruset takka av som leiar etter tre år. Michal K. Heimlund overtok klubba og blir altså ny leiar i Todalen Idrettslag. I styret får han med seg Astrid L. Kvendset (nestleiar), Jenny Stensby (kasserar), Turid H. Sæther (sekretær), Lars Stensby (leiar drift/anlegg), Elinor Bolme (ny leiar i Trim- og allidrettsgruppa), Ola Dalsegg (leiar Barne- og ungdomsgruppa) og Oda Halle (leiar i Økonomi- og markedsgruppa). 

Fullstendig liste over tillitsvalde i Todalen Idrettslag finn du her. «Tillitsvalde 2021»

 

 

 

Publisert: 30. april 2021, 05:00