Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Mestertipparen er kåra

Ole Petter Talgø Torsdag 14. juli 2016

I løpet av EM har vi hatt ein tippekonkurranse gåande, og no som den er over er det tid for å kåre Todalen.no sine mestertipparar. Det har veksla gjennom konkurransen kven som har leda, men nå er avgjørelsen kome.

tippekoppBest var Steinar Kjølstad, med Lars Sæther på andreplass, eit poeng bak. På tredjeplassen vart det også jamnt med både Tor Rune Schei og Tor Hansen på 48 poeng, men Tor Rune Schei traff best på semifinalane, og fikk derfor tredjeplassen. Dei tre på pallen får ein særdeles eksklusiv «Todalen.no Tippeekspert 2016»-kopp.

I tillegg har vi trekt ut tre andre som kan vente seg ei Todalen.no-overrasking. Dette blei Ola Haugen Ansnes, Vegard Mossing og Geir Inge Halsen. Premiane vil bli overlevert ved første anledning!

Vi håper alle har hatt eit flott EM, og at det også har vore morosamt å vera med på tippekonkurransen. Vi satsar på ein ny rundt med VM i 2018, da med eit enda bedre system.

Publisert: 14. juli 2016, 03:09