Todalen IL fekk skikkeleg respons på den tradisjonelle Romjulsmarsjen som var arrangert 3. juledag. Rundt 170 deltakarar mønstra på arrangementet og tok turen rundt bygda i dag. Trimgruppa lokka med serveing av gløgg og saft på meldestasjonen på Bruset og jammen vart det trøkk der ja, med rundt 170 og reknar vi med 9 hundar og ein hest som også var med så tangerer vi rekorden som vart sett for nokre år sia.
Stor deltaking på Romjulsmarsjen er nok avhengig av godt føre, og det var det faktisk i dag – sjølv om det var litt glatt ettersom det kom nokre få og småe regndråpar som gjorda at asfalten skjøt frå seg. Men det gjekk bra og alle kom seg velberga rundt bygda – og hematt igjen etterpå. Og vi trur at folk kosa seg og brukte lang tid på runden rundt bygda – dette er eit veldig sosialt arrangement, der du faktisk treffer både naboen og venner og kjente som er heime på juleferie.
Dagens romjulslotteri vart også eit lukrativt arrangement, for TILs trimgruppe fikk inn mesta 9000 på loddsal med julepunt som gevinstar. Heldige vinnarar vart Synnøve Green Gjeldnes, Bjørn Halle, Ingri Bruset og Åse Ville Redalen. Vinnarane er kontakta og gevinstane er utdelt melder TIL Trimgruppa, som rettar ein stor takk til deltakarar og loddkjøparar. TIL trimgruppa hadde spanderbuksa på i dag, og hadde deltakargåve til alle – fritt valg mellom refleksband, huve eller buff.
Vi har laga eit stort bildegalleri frå Romjulsmarsjen – klikk deg inn på galleriet, for her er det sikkert at du treffer kjentfolk – alle foto Jon Olav Ørsal