Norske forfattarar er mest populære for dei vaksne, mens dei unge helst vil krype oppi i trehusa.
Surnadal folkebibliotek har funne fram til kva som var deira mest populære bøker i fjor, og det var Edvard Hoems utvandringshistorie som toppa på totale utlån. Den tredje boka i serien, «Land ingen har sett», er registrert med totalt 32 utlån.
Andreplassen, med 25 utlån, er delt mellom Jo Nesbø («Tørst») og Vigdis Hjorth («Arv og miljø»). Det er også norsk på dei neste plassane; Jørn Lier Horst («Når det mørkner») og Anne B. Ragde («Alltid tilgivelse»).
Det totale utlånet på kvar bok er nok høgare, da dette stort sett er bøker som kom ut seinhausten året før.
For barnebøkene er det heller spedt med norske forfattarar i toppen. Andy Griffiths serie om «Gutta i trehuset» legg beslag på dei første fem plassane. To andre «serie-forfattarar» kjem etter Griffiths; Jeff Kinney («En pingles dagbok») og Dav Pilkey («Kaptein Supertruse»).
Av sakprosa skil Åsne Seierstad seg ut med «To søstre», med heile 24 utlån. Men den boka som er mest utlånt, om vi summerer alle utgåvene, er «Veien til førerkortet». «På vei» (norskopplæring) og tidsskriftet «Bonytt» har også høge utlån.