Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Messe med proffar og tømrarelevar frå Nordmøre – oppdatert

Jon Olav Ørsal Torsdag 28. august 2025

Torsdag samla Byggmakker både snekkarar, lærlingar og tømrarelevar til fagleg påfyll på Gammelfabrikken i Brusetmarka.  Rundt 50 tømrarelevar frå dei vidaregåande skulane på Nordmøre var invitert til å delta på messa – og dei kom for å få med seg kva som skjer i byggebransjen.  – Viktig at vi får med oss neste generasjon bygningssnekkarar, for det er dei vi skal bygge framtida på, seier Konrad Våbenø, som er «messegeneral » i Byggmakker.

Rundt 50 tømrarelevar frå vidaregåande skular på Nordmøre deltok på messa – både VK1 og VK2 med sine lærarar. Foto Jon Olav Ørsal

Våbenø tykkjer det blir gjort for lite for å styrke bransjen med dyktig handtverkarar, og tekkjer at det er viktig at heile bransjen får ein betre status.  Dyktige snekkarar blir det aldri for mange av, og det vil det alltid bli bruk for.  Derfor er det viktig at det blir sett av nok skuleplassar for å utdanne snekkarar/tømrarar i fortsettinga – her har politikarane eit stort og viktig ansvar. 

Konrad Våbenø var «messegeneral» og trekte i dei raude trådane for arrangementet. Viktig å få med dei som skal tjene oss i framtida, seier Våbenø. Foto Jon Olav Ørsal

På dagens messeopplegg var det 15 produsentar/leverandørar som er med for å bidra med både nye og kjente produkt og har ein stor kompetanse som dei meir enn gjerne delte med interesserte messedeltakarar.  For tømrarelevane er det sjølvsagt viktig at dei kjem med i miljøet både for å auke kunnskapsnivået og for å stimulere interessen for faget. Det er slett ingen bakdel å bli kjent med ein dyktig og rutinert snekkar som faktisk sett pris på å få være med og dele på sin kunnskap og kompetanse. 

Utan mad og drikke…. Todalshytta sørga for at svoltne messedeltakarar fekk ein burger å bite i. Foto Jon Olav Ørsal

Seinare på ettermiddagen kjem proffsnekkarane for å få med seg same opplegget  – bpåde for fagleg påfyll og om ikkje anna så for å treffe kolleger som har så mange felles utfordringar og intresser. 

Rundt 60 proffar i samla tropp – totalt var det over 150 som var innom messa i løpet av dagen. Foto Jon Olav Ørsal

Gammelfabrikken var arena for proffmessa som har vorte ein årleg tradisjon for byggebransjen.  Foto Jon Olav Ørsal

Når fagfolk treffes er det mykje å prate om – her er det samling i peisestua Foto: Jon Olav Ørsal

Nedafor finn du eit galleri med mange av standane – og elevar/lærarar som lærer om produkta og korleis dei blir bruka  – alle foto Jon Olav Ørsal

Publisert: 28. august 2025, 14:29