Søndagsgudstenesta i Stangvik 13. mars blir ei spesiell oppleving. Velkjend liturgi blir utvida med sjølvaste Mozarts “Kroningsmesse”. Først og fremst dreier det seg om ei høgmesse etter vanleg mønster – med tekster, preike og salmesong – som alle vil kjenne seg att i. Men stunda byr på musikkoppleving som overgår kyrkjesøndagar flest. Kristiansund Kammerkor med solistar og orkester framfører nemleg Mozarts vakre og storslåtte «Kroningsmesse» som del av gudstenesta. Peder Rensvik dirigerer – i tett vekselspel med vikarprest Leif Endre Grutle og organist Bernt Bøe.
Som andre komponerte messer er Mozart-verket i utgangspunktet ei tonesetting av liturgien – laga med gudstenesta som siktemål. Her er bønerop og lovsong, truvedkjenning og nattverdliturgi (Kyrie, Gloria, Credo, Sanctus, Agnus Dei) forma i vakre og uttrykksfulle satsar – og plassert der ledda hører til i samanhengen.
“Kroningsmessa” gir altså ord og tone til noko av kyrkjelydens deltaking og byr samtidig på musikalske skjønnhetsopplevingar til dei frammøtte. Tekstlesingar, preike, andre verbale ledd og song er med som vanleg. Men kjende salmar får ein ny dimensjon ved at kyrkjelyden blir akkompagnert av musikarane. Her har altså folk i benkene sitt livs sjanse til å synge med fullt orkester!
Prestgjeldets eigen Sigrid Vetleseter Bøe er songstudent ved Trøndelag Musikkonservatorium. Ho har fått tildelt største solistutfordinga – med det vakre og krevande sopranpartiet. Øvrige solistar er Karl Aksel Eide (bass), Egil Botten (tenor) og Tsvetana Kirilov (alt).
Som ved tidlegare høve (m.a. i Kristiansund) ønskjer dirigent Peder Rensvik med dette å ta det liturgiske aspektet på alvor og bringe Mozarts flotte musikkuttrykk inn i sjølve gudstenesta. Han og resten av staben bak tiltaket håpar mange ser denne samanhengen og nyttar sjansen til ei unik gudstenesteoppleving.
Postludiet blir ein ekstra bonus til dei frammøtte. Da framfører Alex Robson (fiolin) og Anders Rensvik (bratsj) Mozarts Sinfonia Concertante saman med orkesteret. Høgmessa med Mozart i Stangvik 13. mars er lagt opp som felles gudsteneste for heile Surnadal. Dessutan reknar ein med at tiltaket vil samle godt besøk frå andre bygder på indre Nordmøre. Arrangementet skjer i samarbeid mellom Stangvik kyrkje og KKKK-Festivalen i Kristiansund.