Onsdag var det besøk frå Merkur på Matkroken. Det var Stig Olson, som er konsulent i Merkur, som var på sin årlege runde for oppfølging av butikkar som er med på Merkur sitt utviklingsprogram for utkantbutikkar. Det er eit statleg utviklings- og kompetanseprogram som skal være ei hjelpande hand for daglegvarebutikkar på landsbygda. På landsbasis er det meir enn 600 butikkar som er med på Merkurprogrammet, og i Midt-Norge er det rundt 70 som er med.
Stig Olson har nemleg ansvaret for Midt-Norge, med distrikt frå Namdalseid i Tøndelag og til Nordmøre og Romsdal, med Fiksdal lengst sør. Oppgåva hans er å hjelpe dei butikkane som er definerte som Merkurbutikkar, med oppgradering av både utstyr og mannskap. Butikkane kan etter bestemte reglar få støtte til investeringar i moderne hjelpemidlar og til opplæring i moderne butikkdrift der det er naudsynt ( obligatorisk butikkleiarskule).
Av kriterier for å bli godkjent som Merkur-butikk er det nokre krav som må fyllast, slik som:
- Butikken må være einaste daglegvarebutikk i ei bygd eller i eit avgrensa geografisk område.
- Butikken må ligge i god avstand frå større byar.
- Butikken må vere ein fullverdig daglegvarebutikk.
- Butikken må ha ein nærmarknad på under 200 husstandar.
Olson fortel at Matkroken i Todalen er godt innafor krava til å være med i «Merkur-familien», og han trur ein nærbutikk i Todalen hadde fått problemer uten Merkurmedlemskap. Dette medlemskapet har gjort at butikken i dag står fram som ein moderne butikk. I tillegg er det naudsynt at butikken har eit aktuelt vareutval, og nye og friske varer i butikken. Investeringane må være nyttige eller lønsame, og slike ting har Nilsson på blokka når han er på besøk i butikken.
Der det er behov går Merkurprogrammet inn med økonomisk støtte til oppgradering av butikkane, og slik støtte har Matkroken i Todalen fått for å investere i nytt fryseutstyr, drivstoffanlegg, kjøediskar til frukt & grønt og til naudstraumaggregat som kan drifte heile butikken ved strumutfall. Naudstrum kom på plass etter raset i 2013, da straumen var borte i fleire dagar.
Men det aller viktigaste for både merkurbutikkane og andre er nok at butikkane blir bruka. Lokalbefolkninga må være dyktige til å bruke nærbutikken, og må ha ein god dialog om varutval og aktuelle tenester. På same måte er det viktig at tilreisane turistar og folk som har fritidsbustader i området gjer deg nytte av nærbutikken til sine innkjøp av daglegvarer, sier Stig Olson til slutt.