Merkurprogrammet og handelsdepartementet er initiativtakarar til årets store handledag. Det dreier seg enkelt sagt om å informere om kor viktig nærbutikken er for å skape levande bygder. Merkurprogrammet sørger for behovsprøving av driftsstøtte og investeringsstøtte for nærbutikkar som ligg meir enn 25 km frå næraste konkurrent og som har ein viktig funksjon for å gjera bygdene livskraftige. Laurdag 20. oktober blir det eit skikkeleg kaffeslabberas på Matkroken Todalen, med servering av gratis kaffe og blautkake frå kl 10 og utover så langt det rekk….!

Per Reiten og Jon Bjarne Husby «heldt fortet» på kaffekroken i dag da vi var innom ein tur. Foto: Jon Olav Ørsal
Nærbutikken er ein viktig samlingsplass i mange bygder, og avgjerande for levande lokalsamfunn, seier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland til Merkur-programmet. – Derfor satsar regjeringa vidare på Merkur-programmet og løyver nær 50 millionar kroner i statsbudsjettet for 2019. Det er også viktig at kommunale institusjonar handlar lokalt, for det er akkurat same lova som gjeld der – blir ikkje butikken bruka så blir han borte.

Oppskrifta er enkel og den kan brukast både i Todalen og andre plassar. Og vi har da vel ingrediensane? Illustrasjon fra Merkur-programmet
Handelsmann Nordvik håpar at ekstra mange tek turen innom butikken og tek handelen der – og han lovar ei skikkeleg prisbombe på Matkroken Todalen på laurdag. Foreløpig held han korta tett til brøstet og da får vi vel leva i spenning til laurdag.

Matkroken Todalen – Laurdag blir det lokal handledag og servering av kaffe og blautkake. Foto: Jon Olav Ørsal