Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Men mat skarrem ha!

Jon Olav Ørsal Onsdag 7. februar 2024

I dag viste gradstokken 16-18 grader på morgonkvisten – kanskje har det vore enda kaldare i løpet av natta.  Kaldt var det nok for hjortane på Ørsalhøgda som inntok frokosten i form av frosne siloballar.  Det var hol på fleire ballar, så dei har nok vore fleire til frokost enn dei tre på biletet.

Etter vêrmeldinga på yr å dømme, så skal det bli kaldt i fleire dagar framover – kanskje heilt til måndag, før det blir mildare utover  neste veke.  Både i dag, fredag og laurdag får vi nok sjå sola – sjølv om ho ikkje varmar oss så mykje enda. 

Publisert: 7. februar 2024, 10:16