Vi skal ikkje blande denne saken borti Ole Paus, men det er likevel mat som er vårt tema. Da vi såg kraftforbilen frå Røv Mølle i aktivitet med lossing i Viastua, var temaet klart. – Det var Arne Bergheim frå Røv Mølle som sørga for at Viastukyrne fikk påfyll med kraftfor i dag, og 7,5 tonn kraftfor, med ekstra mykje fiber, vart blåst oppi kraftforsiloen.
Kraftforbilen frå Røv Mølle er eit kjent trekk i «bybiletet» og sørger for leveranser rundt ein gong i månaden – kanskje litt oftare hos enkelte. Denne dagen var det altså kraftfor med ekstra mykje fiber som vart levert, og det skal fungere som litt vomfyll fortalte Ola Kvendset. – Ei blanding av ureabehandlet havre og kli, blant anna. Kyrne får lett lausmage når det et for mykje kraftfor, og difor er det bra med litt ekstra kli for å få nok fiber. I Viastua går det rundt 150 tonn kraftfor pr år – litt ekstra kjem det nok til å gå i år, ettersom grovforavlinga var begrensa på grunn av den spesielle sommaren.
Grovforavlinga i Viastua kom på rundt 60 % av eit normalår, og det gjer nok at vi litt «mikse og trikse» med foret i år. – For å kompensere er vi nødt til å bruke meir kraftfor, men vi vil også bruke halm og potet i ei viss utstrekning.
Røv Mølle har også tilpassa nye kraftfortypar med meir fiber for å kunne erstatte reduserte grovforavlingar. Men her i distriktet er det ikkje nokon direkte krise, seier Ola Kvendset, – her i distriktet ser det ut som dei fleste har klart å sikre seg nok for. Det har heller ikkje vore nødvendig med nedslakting i nokon stor stil.