Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Melhus hagelag med vårtur til Todalen

Dordi Jorunn Halle Laurdag 6. juni 2015

Vårturen til Melhus hagelag gjekk i år til Todalen. Viktigaste post på programmet var besøk i arboretet i Svinvika, men dei tok og turen rundt om i Todalen.

Leiar i Melhus hagelag er Ingjerd Melhuus, ho voks opp i Steinarstua i Todalen. Ho kunne fortelje at Melhus hagelag har god aktiviet og om lag 60 medlemer. Turen i fjor gjekk til Kongsvoll, da kjørte dei med minibuss.  I år var påmeldinga til vårturen overveldande, heile 44 personar var med til Todalen laurdag. Da dei starta frå Melhus, plaskregna det. Men da dei nådde Surnadal, letta skylaget og sola kom fram. Da spela dei Vårsøg: No skin det sol …, det passa så reint godt!

Første stopp var arboretet i Svinvika. Turdeltakarane var storbegeistra for den flotte hagen på ein slik spesiell plass. Ikkje minst gjorde historia om grunnleggarane av hagen, Anne og Halvor Svinvik, sterkt inntrykk. Halvor var som kjend fareblind og svaksynt, men likevel hadde han slik interesse for tre og planter får fjern og nær, og han fekk dei til å vekse i Svinvika.

Frå Svinvika vart Maren Ansnes med som guide på rundturen i Todalen. Ho orienterte om historia til  bygda, om næringsliv og kultur.  Maren og Ingjerd er barndomsvener frå oppveksten som naboar i Hallagrenda, i dag møttest dei, Ingjerd som leiar i Melhus hagelag og Maren som lokal guide. Vel komne innom Svinviktunnelen, spela dei Todalssongen i bussen. Dei fleste turdeltakarane var godt vaksne og kjende til både Vangsgutane og Leif Halse.

IMG_5494

Maren Ansnes og Ingjerd Melhuus ved Toåa, Maren var guide og Ingjerd leiar for turen. Foto: Dordi Jorunn Halle

Etter kaffepause på Todalshytta, var det stopp på Gammelfabrikken, der fekk dei sjå seg om både inne og ute. Toåa var vassrik, og Storfossen imponerte trønderane i dag! Godt fornøgde drog turfølget inn til Surnadalsøra for å ete middag.

IMG_5485

Det var stor interesse for å sjå seg rundt ved Gammelfabrikken. Foto: Dordi Jorunn Halle

IMG_5499

Marit Melhuus ved Storfossen. Foto: Dordi Jorunn Halle

 

Publisert: 6. juni 2015, 18:53