Meterologisk institutt har gått ut med OBS-varsel for Møre og Romsdal, da det er venta mykje regn lokalt. Tysdag er det Sunnmøre som får det meste av regnet, men det blir onsdag store nedbørsmengder lokalt, med 30-60 mm på 24 timar. Om nedbøren treffer her, blir det nok flaum med slike nedbørsmengder. Men etter varselet i skrivande stund (18.30) ser det ikkje så ille ut.
Under storflaumen i 2003 kom det rundt 100 mm nedbør på 24 timar, og da opplevde vi såkalla 50-årsflaum. Det er altså litt usikkert kvar nedbøren kjem, så det lønner seg nok å følgje med på vervarselet dei næraste timane og døgnet. Her finn du vêrvarsel frå time til time og langtidsvarselet på yr.no.