Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Meisterdetektivane frå Bækkerhagan løyste årets påskekrim

Stig Husby Måndag 5. april 2021
 
Årets påskekrim på Todalen.no er ved vegs ende, og i år som tidligare kom det inn mange kreative forslag til kven som var skurk og fantstav.
I årets påskekrim var det store spørsmålet kven som har teke sjølvaste Innerdalsmerke-skiltet og brote seg inn i Ungdomshuset. Mellom anna.
Ifølge svara som vart sendt inn til redaksjonen, så mangla det ikkje på lokale personar som både hadde motiv og var i stand til å utføre ei slik ugjerning.
 
Siri fortel at Anders og ungane har tenkt og spekulert, og vore innom fleire sannsynlege løysningar. Det var mest som å sjå Hercule Poirot og Arthur Hastings i full sving, smiler ho.
Til slutt så vart det innlysande for dei at årets fantstav måtte vere styreleiar Husby, på jakt etter store nyheitssaker i ei roleg påsketid i år.
Da passa det godt at akkurat han stod for utdelinga av premien, som var ein Todalen.no kopp fyllt opp med mykje påskegodt. Som kanskje varer heilt til pinse?
 
Forfattaren av årets påskekrim var ikkje til stades under premieutdelinga, det ryktas at ho allereie er godt i gang med neste års påskekrim, for det er nok av ubesvarte spørsmål frå årets historie.
Vi som les og let oss underhalda kan knapt nok vente til neste lokale påskemysterium
 
 
Publisert: 5. april 2021, 16:22