Onsdag kveld var vel 5o ungdomar, foreldre, besteforeldreog andre interesserte samla ved Todalen Oppvekstsenter for ei orientering om ungdom og rus. Møtet var stelt i stand av Todalen Sanitetsforening og FAU ved oppvekstsenteret. Olav Halse representerte lensmannsetaten, og orienterte litt om rus-utfordringane dei har i vårt omland, då med vekt på Surnadal og Rindal. Han kunne fortelje at dei siste åra hadde faktisk rusproblematikken i vårt distrikt teke seg opp. I 2010 hadde dei 10 saker med rus involver, mot 18 saker i 2011. Og ja, det er eit belasta miljø i Surnadal.
Halse hadde også med seg diverse brukarutstyr som dei frammøtte fekk sjå, og ikkje alle var like sjølvsagt at kunne koblast opp i mot rusavhengigheit. Han orienterte også om konsekvensar på sikt for dei som blir tekne i ruspåverka tilstand, eller i medverknad til salg.
- Utestengelse frå å få visum til mange land
- Fråteke rett til å kjøyre bil
- Utestenging frå diverse studium
Ellers kunne han fortelja at lensmannskontoret i Surnadal og Rindal i løpet av året mest truleg ville få tilgang på eit narkometer. Narkometret gjev dei muligheitene til å ta fleire brukarar berre ved å påvise ruspåverknad med ein spyttprøve.
Ungdomane var ei av målgruppene til møtet, og fleire av dei yngste kom!
Gode haldningar og enasjement i MOT var viktige faktorar for å klare å stå i mot det harde presset som ungdomane no til dags står ovanfor.
Etter eit lite kaffelag, fekk Landsforeninga mot Stoffmisbruk (LMS)si avdeling på Sunndalsøra ta over ordet. Dagsagendaen deira er å hjelpe både rusavhengige og pårørande til rusavhengige til ein betre kvardag. Leiar Torill Bente Sunnmørsvik fortalde at her var dei ivrige med å få nye pårørande inn i «varmen» og å sende dei på kurs fortast muleg slik at dei lærer seg å mestre alle desse hindra og utfordringane det er å vera pårørande. Her fokuserte dei også på at søsken skulle skolerast i korleis dei skal unne handtere ein tøff kvardag med å sjå ein dei er glad i går til grunne.
Til slutt fortalde Ingunn Talgøy (også LMS) om korleis det fortonar seg i dei ulike stadiene frå dei pårørande får den tunge beskjeden om at deira unge har byrja med rus, og fram til at det er gått så langt at torpedoane står på døra og krev inn misbrukaren si gjeld. Ho tok og for seg nokre generelle symptom som var verd å merke seg ved overgangen som rusen tek med seg. Nokre som kan vera verd å nemna er:
- Stort pengeforbruk
- Nye venner, som ofte ikkje blir med heim
- Omsnudd døgnrytme
- Store mengder brus/søtsaker
- Stort matinntak til tider, og lite i periodar
- Sinne, raseri, personlegheitsforandring
- Verdigjenstandar forsvinn
Turid Hals Sæter flankert av Ingunn Talgø (til venstre) og Toril Bente Sunnmørsvik. Sunndalsdamene var veldig glade for å bli invitert til Todalen, men ville ikkje ha noko, men Saniteten og FAU sendte med dei ein gåvesjekk på 3000 velfortente kroner likevel.