Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Meir regn i vente i natt

Meir regn i vente i natt

Jon Olav Ørsal Sundag 23. januar 2011

Dei siste to døgna har det regna jamnt, og i kombinasjon med høg temperatur fører dette til auka vassføring i elvar og bekkar. I Toåa renn vatnet no oppå isen, og det kan nok være utrygt for isforr etter kvart. Vi har fått rapport om at det er gått isforr/sørperas i Sagelva innafor Kårvatn, og at det er gjort ein del skade på det nye vassanlegget og på brua innmed hyttefeltet der. Det er uklart kor omfattande denne skaden er, men vi får vel etter kvart meir informasjon om det.

På ein runde rundt bygda kunne ein observere ein del tette vannpostar som førte til vassdammar, så det lønner seg å ta det med ro og kjøre forsiktig.

Vêrmeldinga på yr.no melder om meir regn, og utover kvelden og natta vil det nok kome 10-20 mm nedbør etter prognosane. Tirsdag og onsdag vil det bli litt kaldare og da vil eventuell nedbør muligens kome som litt sludd og regn på onsdag.

Men det er aldri så gale at det ikkje er godt for noko, så vi kunne på turen observere at kraftproduksjonen har starta opp igjen i Råssåfoss Kraftverk.

Publisert: 23. januar 2011, 16:13