Toåa tursti er no på det næraste fullfinansiert, fortel Elinor Bolme i prosjektkomiteen. Totalt er prosjektet rekna til å koste 1,2 mill. og seinast i dag kom den gledelege meldinga om at Olav Thons stiftelse har bevilga kr 200.000 til prosjektet.
Samtidig er det også klart at søknaden om tippemidlar har gått gjennom og fått grønt lys for kr 690.000. Dermed nærmar ein seg fullfinansiering når man reknar med den delen som skal dekkjast av dugnadsarbeid.
Tidlegare er det kome tilsagn om kr 40.000 frå Surnadal Sparebank, 100.000 frå Surnadal JFF, 100.000 frå Todalen I.L. 100.000 frå 4H M&R og 50.000 frå Sparebank1 SMN. I tillegg er det kome inn pengar på basarar og frå minnegåver. Arbeidet med Toåa tursti er det planlagt å starte til hausten, dermed burde turstien være klar i løpet av neste sesong, dersom alt klaffar.