Neste helg, nærare bestemt søndag 7. april er det basar til inntekt for Toåa Tursti. Det er eit stykke att før prosjektet er fullfinansiert, men alle monner dreg i rett retning og folk er dyktige til å støtte opp med loddkjøp, seier Elinor Bolme som hadde sin tørn med loddsalg da vi stakk innom laurdag. Du rekk enno å stikke innom butikken for å kjøpe lodd, men det blir også sjanse for forhandskjøp komande fredag den 5. april.
Noko av dugnadsarbeidet er faktisk kome i gang i traseen nedover mot Båthølen og vidare til Gunnøya. Her er det rydda mykje skog og faktisk er det berre å vente på at gravemaskina skal starte på arbeidet. Når vi når tak i sommaren vil det nok bli meir aktivitet etter kvart.
Men aktivitet er det også med trimmarane, for det er alt mange turgåarar som brukar denne turstien slik som den er i dag. og større blir nok den trafikken etter kvart – ikkje minst når det blir lagt til rette for bruk av både barnevog og hjelpemidlar for funksjonshemma på deler av traseen.
Men først må prosjektet fullfinansierast. Som sagt er ein god del på plass, men det er og søkt om tippemidlar i tillegg til gåvemidlar frå Surnadal Sparebank samt støtte får prosjektdeltakarane Surnadal JFF og Todalen I.L. Vel møtt på basar i Todalen ungdomshus 7. april seier Elinor til slutt.