BMO Entreprenør er godt i gang med restaureringa av Haukåbrua. Som vi omtala i ei tidlegare sak så skal det skiftast lager og lages nytt rekkverk på brua. Dette arbeidet var planlagt ferdig i slutten av februar. Etter at arbeidet starta har dei oppdaga at skadeomfanget på brua er større enn dei først trudde. Det har difor vore naudsynt å ta nokre avgjerder undervegs i arbeidet, fortel Asbjørn Myrkaskog og Rolf Ivar Fure som representerer entreprenøren.
Mellom anna har det vore naudsynt å meisle bort meir betong enn først planlagt, og dette har teke litt ekstra tid. Dei regnar med at dei stort sett skal klare å halde tidsskjemaet i tida framover. Medan det pågår arbeid på brua er vegen mellom Ørsalgeilen og Hjellabrekkå stengt for trafikk, og det er skilta omkøyring rundt bygda.