Surnadal kino vil no vise film på fleire dagar og med eit betre utval enn før. Filmane om Per Fugelli og Winston Churchill er av dei som vil ha premiere i dei komande dagane.
Det vil, i alle fall ei tid framover, bli vist film fast på torsdag og laurdag. Og i tillegg vil det bli kino på dagtid. Som t.d. førstkomande måndag da filmen om Winston Churchill, «Darkest Hour», blir vist for første gong på kinoen. Filmen vil også bli vist måndag kveld og på andre dagar utover neste veke. Filmen er av dei som har fått flest nominasjonar til Oscar i år, m.a. som beste film og beste mannlege hovudrolle (Gary Oldman).
Men allereie fredag 26. januar kjem det opp to nye filmar på plakaten: Først Erik Poppes («Kongens Nei») dokumentar om og med Per Fugelli, og så ungdomsfilmen «Maze Runner: Dødskuren».
«Per Fugelli – siste resept» skildrar hans siste tid og NRK/Filmpolitiet skriv følgjande om filmen: «Uansett hva man måtte mene om Per Fugellis holdninger, meninger og livsvisdom, er man bare nødt til å la seg blende av hans personlighet, slik den får utfolde seg i Erik Poppes bevegende, inspirerende og oppløftende dokumentarfilm.»
Men om det kjem mykje nytt, er det framleis muleg å nyte den visuelle smykkesteinen «The Greatest Showman» ein gong til, nemleg på laurdag 27. januar kl. 1400.
Og, for siste gong, blir «Den 12. mann» vist torsdag 1. februar kl. 20.30.
Du finn heile kinoprogrammet på http://surnadal-kulturhus.no/program/